Ørsta Fellesfyrverkeri
Ørsta Fellesfyrverkeri er ein frivillig organisasjon for barn og vaksne. Føremålet til organisasjonen er “å arrangere fellesfyrverkeri i Ørsta sentrum nyttårsaftan, i første omgang kl. 21, særleg til beste for barna i Ørsta, i og med at dei kan få sjå nyttårsfyrverkeri innanfor omlag normal døgnrytme”.
Krohn Pyroteknikk vil, som i fjor, stå for oppskyting av fyrverkeriet, og søknader til kommune, brann og politi er allereie godkjende.
Utstillingsplassen
Oppskytingsarena for fyrverkeriet vil vere på kommunen sin nye utstillingsplass. Dette gjer at dei fleste i Ørsta sentrum og nærliggande område kan sjå fyrverkeriet frå sin eigen heim. I tillegg vil ein ha gode parkerings- og publikumsområde for tilreisande ved Ørsta stadion, Ørstahallen, Rema 1000/Ose og på Mosflateområdet.
Kvifor vel vi å ha fyrverkeriet kl. 21?
Tilbakemeldingane om fellesfyrverkeriet har jamt over vore svært gode. Fleire andre stader i landet har dei også hatt god erfaring med Barnas Fyrverkeri kl. 21. Tidspunktet gjer at barna i mykje større grad får glede av sjølve oppskytinga enn om den går i dei seine nattetimane og lenge etter vanleg leggetid. Mange har nok opplevd grinete barn nyttårsaftan fordi dei skal prøve å halde seg vakne til det store fyrverkeriet. Dette kan ein unngå ved å skape ei roleg og flott atmosfære rundt fyrverkeriet kl. 21. At fyrverkeriet vert skote opp så pass tidleg på kvelden, gjer det dessutan lettare også for folk frå krinsane å kome for å sjå uten at returen til heimen vert for sein. Om folk også ønskjer å sjå fellesfyrverkeri ved midnatt, er det rikeleg tid til å reise til Volda og sjå dette fyrverkeriet. Sjølvsagt er voldingane også hjartans velkomne til Ørsta på Barnas Fyrverkeri klokka 21.
Ringverknader med fellesfyrverkeri
Det er fleire andre positive verknader med å arrangere eit fellesfyrverkeri. Eit profesjonelt fyrverkeri medfører færre private oppskytingar, gir færre skader å behandle for ambulansefolket. Sidan dette føregår i eit avgrensa tidsrom, vil også husdyr i større grad bli skjerma. Ein ser at det ofte er små fyrverkeri rundt omkring i sentrum gjennom heile kvelden nyttårsaftan, truleg på grunn av eit ønskje om at barna skal få oppleve litt. For husdyr blir det dermed bråk heile kvelden. Konsentrerer ein dette til fellesfyrverkeriet kl. 21, reknar vi med at det blir mindre elles på kvelden.
FN sine bærekraftmål
FN sitt berekraftmål nr 10 heiter "Mindre ulikskap", å arbeide for å redusere ulikskap i og mellom land. Her i Ørsta gjeld dette mellom barn/familiar i kommunen. Somme familiar har aldri råd til å sende opp fyrverkeri sjølve, noko som kanskje i endå større grad gjeld i dei trange økonomiske tider vi har no. Vi ser tiltaket som eit lite skritt i utjamnande retning, siden alle kan dele opplevinga av fellesfyrverkeriet uten å kjenne på mindreverdskjensle.
FN sitt berekraftmål nr 12 heiter "Ansvarleg forbruk og produksjon". Vi meiner fellesfyrverkeriet vil kunne bidra til å sikre eit meir berekraftig forbruksmønster på dette området. Berekraftmålet handlar om å gjere meir med mindre ressursar. Eit fellesfyrverkeri gir meir effekt for mindre pengar enn mange små private oppskytingar. Dessutan gir det meir avgrensa utslepp til luft og jord, og bidreg dermed til å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og miljøet.
Finansiering
Vi håper at både det lokale næringslivet og private vil vere med på å støtte dette positive tiltaket. Alle pengar som blir samla inn vil gå til fyrverkeri. Om vi får inn meir pengar enn først tenkt, vil desse verte førte over til neste års fyrverkeri, som då kan bli enda større. Alle bedrifter, lag og organisasjonar som er med og bidreg med pengestøtte, vil verte synleggjort i ei heilsides takkeannonse i Møre-Nytt i romjula. Det blir også marknadsføring på heimesida orsta.fellesfyrverkeri.no og på Facebooksida Ørsta Fellesfyrverkeri.